Kva hender i Vestland?


Lurer du på når det vert arrangert kurs, samlingar eller andre arrangement som du kan ha nytte av?

Sjekk kalenderen under:

Kurs som kjem

Demonstrasjon av gjødselseparator


EuroPRO AS er på haust-turnè med separatordemoer. Mange har meld  interesse og ønskjer å ha besøk eller komme til ein nabo for å sjå.

Torsdag 20.oktober frå kl 11 til kl 13 vert det demonstrasjon/visning av CriMan MSU260 Gjødselseparator-unit med sugepumpe, tynnvarepumpe og transportør for tørrstoff hjå

Frank Kvammen, Toskavegen 492, 5936 Manger.


Ta kontakt med Europro v/Inge Joar Nydal Tlf 95120629 om du har spørsmål.

Digitalt Go’kalven- kurs


God dyrehelse er eit viktig klimatiltak.

Go’kalven er eit kurs med grunnleggjande innføring i kalven sin utvikling og behov dei viktige første seks månadene. Ein frisk kalv i god tilvekst er avgjerande om ein skal lukkast i mjølk- og kjøttproduksjonen.

Få klima-

koordinatoren

på besøk


Frå 1.1.2023 blir det innført eit tillegg for berekraft på mjølkeprisen. Om ein har utrekning i TINE sin dyrevelferdsindikator og har logga seg inn og gitt samtykkjer i klimakalkulatoren, vil ein få 2 øre/liter levert mjølk.


Innlogging i klimakalkulatoren er enkelt og heilt ufarleg, men for nokon kan det vere fint å gjere dette saman med andre første gongen. 

Klimakoordinatoren kjem gjerne på besøk til ditt produsentlag eller lokallag og hjelper med innlogging.

Ta kontakt her!

TINE sitt grovfôrprogram


Forsking viser at det er mykje å hente på å produsere eit godt grovfôr, både økonomisk og klimamessig. TINE Rådgjeving har utvikla eit program der du og din rådgjevar set mål og lagar ein plan for å ha eit heilskapleg fokus på grovfôrproduksjon og fôring. Rådgjevaren følgjer deg gjennom heile prosessen frå planleggjing, produksjon og disponering av grovfôret.