Få rådgjeving


Klimakalkulatoren er starten på den gode klimajobben. For å få nytte av resultata, er klimarådgjeving viktig. Her finn du dei einskilde organisasjonane som driv klimarådgjeving til bøndene i Vestland og kontaktinformasjon til dei.

Første steg på vegen


Klimakalkulatoren er det første steget på vegen mot eit meir klimavenleg landbruk.

Klimakalkulatoren er eit digitalt verktøy som er spesielt utvikla for landbruksnæringa og den norske bonden.

Den gjev bonden oversikt over utslepp og kva moglegheiter som finst, både for å kutte utslepp og binde karbon på gardsnivå. 

Det er enkelt og gratis å logge seg inn i klimakalkulatoren. 

Introduksjon og innlogging kan vere ein triveleg fellesaktivitet i lokallaget eller produsentlaget.

Om du vil vite meir, eller få hjelp, kan du kontakte rådgjevingstenesta eller trykke her for å kontakte klimakoordinatoren.

No kan du tinge klimarådgjeving frå NLR VEST



Bli med på eit samla klimaløft i landbruket!

Saman finn vi dei rette klimatiltaka på din gard. Gode klimatiltak gjev òg betre produksjon og lønsemd. Det er bra for drifta og bra for miljøet! Resultatet av NLR Klima Førsteråd er ein tiltaksplan for din produksjon.


Hugs at du kan søkje om Regionalt miljøtilskot i jordbruket for eit NLR Klima Førsteråd.

Få rådgjeving frå TINE


«Klima Førsteråd» er tenesta for deg som vil ha heilskapleg klimarådgjeving med utgangspunkt i ein gjennomgang av Klimakalkulatoren.

Saman med NLR har vi laga tenesta «Klima Førsteråd Mjølk og Grovfôr». Her får du ein heilskapleg analyse og gjennomgang av kjeldene til klimautslepp frå din storfeproduksjon og grovfôrproduksjon. 

Utsleppsverdiane frå Klimakalkulatoren vert sett i samanheng med informasjon frå fagsystema i mjølkeproduksjonen og grovfôrproduksjonen;  det vil seie Kukontrollen, Eana Ku og garden sine gjødslingsplanprogram (pt. Skifteplan og CropPlan).
I samråd med rådgjevarar frå TINE og NLR lagar du ein klimahandlingsplan med tiltak som skal vere med på å redusere utsleppa av klimagassar frå drifta på garden din.



Gode klimaråd rett i øyret

Klimabonden på YouTube

Prosjektet "Klimabonden" starta opp hausten 2018. I løpet av prosjektperioden gjekk forvaltninga, bønder og rådgjevingstenesta saman og kartla gode klimatiltak for landbruket og formidla desse gjennom videosnuttar som du kan sjå her.

Prosjektet var eit samarbeid mellom Meland kommune, bønder i Meland, Norsk Landbruksrågiving Vest og Nordhordland UNESCO Biosfære, i tillegg til støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Hordaland fylkeskommune.


Kontaktperson for prosjektet er Laila Bjørge, landbrukssjef i Alver kommune.


Driftsveier


Magnar har god erfaring med bruk av driftsvegar i- og rundt dyrka mark:

"Ein driftsveg er i ein enkel byggveg som vi bruker både til at dyra kan gå på, og til køyre på når ein skal slå, gjødsle, kalke og anna arbeid. (...)."


Få praktiske tips til korleis redusere pakkingsskader på jorda i denne filmen.

Køyremønster


Køyremønster er lurt fordi:

• det gå raskare å slå

• du unngår køyreskader ved å køyre færre gonger over jorda

• du reduserer dieselforbruket


Jordpakking er varig samanpakking av jord og har fleire negative konsekvensar. Jordpakking kjem av:

• køyring på våt jord

• køyring same stad fleire gonger

• tungt utstyr, uegna dekk og for høgt lufttrykk / mykje regn

Grøfting


Helge har god erfaring frå arbeid med grøfting på garden. Videoen viser korleis ei stikkgrøft kan løysa eit problem med overvatn som kjem inn på bøen frå arealet rundt, kva vurderingar som er lurt å gjera og korleis arbeidet kan utførast.


"Å spele på lag med naturen må vere målet når du er bonde" - Helge Henanger, bonde i Nordhordland.

Stripespreiing


Stripespreiing er ei god løysing fordi:

• ein utvider sesongen for gjødsling

• det gjev større fleksibilitet ovanfor vêr og vind

• ein minimerer gjødsel i lufta, som gjev mindre søl og lukt

• gjødsla vert jamnare fordelt og går djupare ned i jordlaget

Jordpakking: grasartar


Har man god, ung eng, kan ein forvente avling i hoftehøgde ved slått. Dei sådde grasartane har potensial til å vekse seg over 1 m høge. Etter kvart som enga vert eldre, vil meir og meir av dei sådde artane gå ut og bli erstatta av naturlege artar som er meir småvokste.


Bli med Lise ut i enga.

Jordpakking: Forholdet mellom luft og vatn


Jordpakking er varig samanpressing av jord.


Lise har i denne filmen laga to modellar av modelèrkitt og vatn som viser forholdet mellom vatn og luft i jordstrukturen.

praktiske tips til korleis redusere pakkingsskader på jorda

Jordpakking: Spadeprøve i vestlandsjord


For å få best resultat ved produksjon av kjøtt og mjølk på drøvtyggarar, er det viktig med mykje og godt heimavla grovfôr. Då er god jordstruktur viktig.


For å sjekke jordstrukturen kan ein ta ein spadeprøve. Lise visar korleis.