KLIMAVEST


KlimaVest er det korte namnet for prosjektet

"Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket".

Dette er eit treårig prosjekt som eit samla landbruk i Vestland står bak.

Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket


Målsetjing:

Gjere bøndene i Vestland i stand til å redusere klimaavtrykket frå matproduksjonen utan at det går ut over produksjon, arealutnytting, dyrevelferd og dyrehelse.

Klimakoordinatoren


Lene Vangberg Monsen har overtatt som prosjektleder og klimakoordinator etter Frøydis Haugen.

Hun driver gård i Kvinnherad med sau og har også et bakeriutsalg på gården, hvor egne produserte råvarer blir brukt i produksjonen. De 3 siste årene har hun studert Lokal Matkultur ved Fagskulen i Vestland. 


Organisering


  • Prosjektet ligg under Vestland Landbruksselskap. Dei har rolla som prosjekteigar.
  • Vestland Bondelag har gjennom Norges Bondelag teke rolla som arbeidsgjevar. Bondelaget syter for kontorfasilitetar osb.
  • Det er eit samla landbruk som står bak prosjektet. Landbruksråd Vestland er med på finansieringa av prosjektet, saman med Statsforvaltaren og Fylkeskommunen.
  • Det er etablert ei styringsgruppe der faglag og forvaltninga er representerte.


Arbeidsområde og –oppgåver for klimakoordinatoren


- koordinere klimaarbeidet som rettar seg mot bonden og gardsdrifta hans.

- bidra til å etablere og drifte ein klimaportal for vestlandsbonden.

- få fart på arbeidet med kursing og rådgjeving innanfor klima.   

-- motivere bonden til å betre produksjonen sin og samstundes ta kloke klimagrep.

- syte for at bøndene er klar over og nyttar RMP-ordninga for klimarådgjeving.

- initiere eit årleg seminar/konferanse som skal vere ein møteplass for alle som driv klimaarbeid retta mot bonden.

- identifisere trongen for FoU-arbeid, ha nettverk og ynske om å kople innovative bønder med dei rette instansar.

- syte for at utviklinga av til dømes klimakalkulatoren er tilpassa vestlandsjordbruket og våre utfordringar.

Medlemmene i styringsgruppa


Ole Bjarne Hovland


Styremedlem Vestland Bondelag, sauebonde på heiltid sidan 2008.

Ynskjer å bidra til å samordne kreftene i Vestland slik at landbruket når sine forpliktingar i den underskrivne klimavtala med Staten

Bjørn-Harald Haugsvær


Assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Vestland

Overordna ansvar for arbeidet med

Regionalt miljøprogram (RMP) og klimatilpassing i jordbruket

Tina Bøe Buer,


Fylkesstyremedlem i NBS 

Oppvaksen på ein liten vestlandsgard med sauedrift,

agronom i økologisk landbruk og aktiv i klima- og miljørørsla 

Åse Leirgulen


Ass. dagleg leiar hos Norsk Landbruksrådgiving Vest. 


Samarbeidspartnarar