Tilskot til klimatiltak i landbruket


God agronomi er bra for produksjonen, samstundes som det er eit godt klimatiltak. Måten du driv garden på er med på å avgjere utslepp av klimagassar og kor mykje karbon som vert bunde. Nokre av klimatiltaka på garden kan du også få støtte til.

Oversikt over tilgjengelege støtteordningar for vestlandsbonden og kven som har ansvar for ordninga finn du ved å trykkje på knappen under.

Klimarådgjeving i Regionalt Miljøprogram


Tilskot til klimarådgjeving vart innført i alle fylke frå og med 2021.

Rådgjevinga skal omfatte ein heilskapleg gjennomgang av klimagassutslepp, karbonbinding og behov for klimatilpassing i produksjonen for heile føretaket.












Det kan berre gjevast tilskot for rådgjeving som er utført av tilbydarar godkjent av Landbruksdirektoratet.

Norsk Landbruksrådgjeving og Tine tilbyr klimarådgjeving i Vestland. 

Søknadsfrist er 15. oktober.



Tiltaksklassar

Utmålingseining

Førebelse tilskotssatsar

Ein-til-ein rådgjeving, låg sats

Føretak med planteproduksjon

Kr 6 000 for fullført klimarådgjeving

To-til-ein rådgjeving, høg sats

Føretak med husdyr- og planteproduksjon

Kr 8 000 for fullført klimarådgjeving

Grupperådgjeving

Alle produksjonar

Kr 2 000 for fullført klimarådgjeving

Bondelaget og Gjensidige sitt berekraftsfond


Om du er medlem i Bondelaget og har forsikringar i Gjensidige, kan du søkje tilskot til klimarådgjeving og klimatiltak på garden din.

Du kan søkje tilskot til tiltak du har gjort i løpet av dei tre siste månadene.