VELLUKKA KLIMASAMLING PÅ VOSS
Laurdag 8. oktober var om lag 30 bønder samla i Voss Kulturhus for å logge inn i Landbrukets Klimakalkulator og få utarbeidd klimahandlingsplan for sitt eige gardsbruk.
Samlinga var eit samarbeid mellom prosjektet "Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket", Bondelaget, NLR Vest, Tine og Voss Herad.
Voss Herad er først ute i landet med å gje bøndene i heradet tilskot for å ta i bruk klimakalkulatoren. Dette bidreg til at Voss no er en kommunen i landet som har prosentvis høgast deltaking i klimakalkulatoren
I 2050 vil det bu 9 milliardar menneske i verda. Samstundes veit vi at klimaendringar vil gjere matproduksjon meir utfordrande. Noreg kan gå føre internasjonalt innan klimasmart matproduksjon.
Norsk jordbruk er i dag ein av dei mest klimasmarte matprodusentane i verda. Som ei av få næringar har jordbruket kutta klimagassutsleppa over fleire tiår, – med 6,6 % sidan 1990. Dette har næringa gjort gjennom systematisk og langsiktig avlsarbeid, god dyrehelse, fôrutvikling, og meir treffsikker gjødsling.
Dette har skjedd trass i at det ikkje har vore gjort systematisk arbeid med klima som mål, - klimaeffektivitet blei ein ”bonus” i arbeidet med effektivisering og auka matproduksjon. Styrka satsing på klimasmart landbruk vil både kunne redusere klimaavtrykket frå matproduksjonen, men òg optimalisere produksjonen og betre lønsemda på garden.
Landbruket veit at vi kan få til klimaresultat,
– vi har allereie bevist det
Kirsti Winnberg, NMBU/ Geno
Kontakt
Copyright © Med enerett